Glad leiar i Sykkylven Innebandyklubb:

– Alle kan nytte bana heile året

Torsdag i forrige veke kom den nye innebandybana på plass ved Sykkylven Ungdomsskule.

Dugnadsgjengen: Med så mange på plass gjekk monteringa raskt.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

I forrige veke vart endeleg innebandybana montert ved Sykkylven ungdomsskule. Det er Sykkylven Innebandyklubb som står bak prosjektet og fleire av medlemmane var til stades og hjelpte til med monteringa. Bana er eit nærmiljøanlegg som også kan nyttast til andre ballspel og som isbane om vinteren.