Ønskjer ikkje å flytte eller avlive oter på Ikornnes

Ikornnes båtforeining kontakta Sykkylven kommune i høve ein hannoter som et fisk og skaldyr på bryggja på Ikornnes. Kommunen vil ikkje flytte eller avlive dyret.

Hamn: Ved småbåthamna på Ikornnes har det blitt observert ein oter inne på anlegge som har ete fisk og skaldyr. Sykkylven kommune vil ikkje flytte eller avlive dyret.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Ein oter har vore observert på bryggja i småbåthamna på Ikornnes. Dette skal vere ein hannoter som har ete fisk og skaldyr inne på anlegget. I dette høvet har formann Einar Sætre i Ikornnes båtforeining send førespurnad om bistand frå Sykkylven kommune til å flytte eller avlive dyret grunna at dei er uroa for båtgjestar og for at oteren til dømes kan bite born. Dette melder Karl Johan Stadsnes frå eininga miljø og landbruk i Sykkylven kommune i ein e-post til Nyss.