Politibesøk på skulen:

– Køyr forsiktig og pass på dei små

Politibetjentane Stian Vikås og Daniel Lied oppmoder alle til å ta det roleg langs skulevegen.

Populært besøk: Simon Hostacny (t.v.) og Sevrin Schreijer kom bort å helste på olitibetjentane Stian Vikås og Danile Lied (t.h.) som var godt synlege ved barneskulen måndag.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

I anledning skulestart tok politibetjentane Stian Vikås og Daniel Lied seg ein tur innom Ringstad skule på måndag. Dette for både å helse på nye og gamle elevar, men også for å vere synlege i trafikken rundt skulen. Krysset Bygdavegen og Storgata like ved skulen er ei utfordring då det både er tungt trafikkert og uoversiktleg.