Massevaksinering av dei over 18 år vil bli ferdig i september

16-17-åringar vil få tilbod om vaksinering

Alle over 18 år i Sykkylven og Stranda skal ha fått tilbod om førstedose av koronavaksinen. No vil også dei under 18 få tilbod om vaksine. Kommuneoverlegen oppmodar alle til å vaksinere seg.

Kommuneoverlege: Aleksander Linge Sommerdalen er kommuneoverlege i Sykkylven og Stranda.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Den siste veka har både Sykkylven og Stranda fått inn mykje av koronavaksinane frå Pfizer og Moderna. Dette gjer at begge kommunane ser føre seg å bli ferdig med massevaksineringa i løpet av september.