Testa heile skulen mot covid-19:

– Betre å ta ein test enn å hamne i respirator

I helga kom det melding om at ein elev ved Sykkylven vidaregåande skule hadde testa positivt for koronaviruset. Derfor blei heile skulen massetesta på måndag.

Testing: Det var ikkje berre elevane som blei testa på Sykkylven vidaregåande skule. Også lærarar og andre tilsette måtte til pers. Her blir lærar Arild Kvenseth testa.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Det var ikkje behageleg, men det er fort gjort, så då går det greitt, seier lærar Arild Kvenseth ved Sykkylven vidaregåande skule til Nyss.