Flyttar over gata

Kommunedirektør Geir Ove Vegsund rår til at det vert etablert eit nytt bibliotek i 1. etasje i sparebankbygget som Sykkylven kommune kjøpte for 10 millionar kroner i fjor sommar.

Nye lokale: Saka om å flytte biblioteket frå Wellebygget (til høgre i biletet) til sparebankbygget (til venstre) skal opp til handsaming i levekårsutvalet denne månaden.   Foto: Frank Kjøde

Nyhende

Saka om å flytte biblioteket frå Wellebygget til sparebankbygget skal opp til handsaming i levekårsutvalet den 15. september. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at administrasjonen får i oppgåve å planlegge og gjennomføre flyttinga innan 15. september neste år. Kostnadane ved rehabilitering, utrusting og flytting er estimert med inntil ni millionar kroner. Kommunen sa opp leigeavtalen med Wellebygg allereie i oktober i 2020 med informasjon om at kommunen vil vere ute av lokala innan 15.9.2022.