Festspel i Geiranger

Frå operapub til haustmarknad

Denne veka vert Geiranger fylt av musikk i fire dagar til ende.

Håper mange tek turen: Stephanie Roux og Gunnar Inge Eide i styret ser fram til Festspela i Geiranger neste veke.  Foto: randi ansok

Nyhende

Frå 16. til 19. september skal det arrangerast festspel i Geiranger for første gong. Dette er ein heilt ny festival og vil by på ein unik kombinasjon av musikk i verdsklasse og lokale mat- og naturopplevingar.