Åkerneset i Stranda kommune

Vil bruke 350 millionar kroner på dreneringsprosjekt

I ein ny rapport kjem det fram at det vil vere mogleg å drenere vatn ut av det farlege fjellet.

Åkerneset.  Foto: Arkiv

Nyhende

Fjellmassivet Åkerneset i Stranda kommune er rekna som eitt av dei farlegaste i landet, og eit skred herifrå vil kunne skape ein tsunami som vil øydelegge bygdene Hellesylt og Geiranger, noko som vil føre med seg ein kostnad på opp til 50 milliardar kroner. Det har vore skrive mykje om i media, og fjellet har òg vore inspirasjon til katastrofefilmen «Bølgen». No har det kome ein rapport som viser at det skal kunne gå an å drenere det farlege fjellet for vatn, melder NRK Møre og Romsdal i morgonsendinga si på radio onsdag morgon.