NVE vil bruke 350 millionar kroner til sikring av Åkerneset:

– Småpengar i forhold til kostnadane ved eit stort ras

I ein ny rapport presenterer Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) korleis ein kan stoppe eller utsetje eit stort ras frå fjellmassivet Åkerneset i Stranda kommune.

Farleg: Åkerneset blir rekna som eitt av dei farlegaste fjella i landet.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Rapporten er eit resultat av eit arbeid vi har halde på med sidan 2017 for å få meir informasjon om vatnet og korleis det oppfører seg, seier seksjonssjef Lars Harald Blikra hos NVE til Nyss.