Coop Marked Hellesylt har ryddeaksjon

Inviterer til miljødugnad

11. til 19. september går ryddeaksjonen "Coop ryddar Norge" av stabelen igjen. Etter eit års opphald, inviterer Coop Marked Hellesylt kundar og andre frivillige til miljødugnad. - Bli med og gjer ein innsats, seier Christina Michelle de Vries, butikksjef Coop Marked Hellesylt

Sosial dugnad: Christina Michelle de Vries, butikksjef Coop Marked Hellesylt, inviterer til å vere med på miljødugnad.  Foto: Privat

Nyhende

Ryddeaksjonen Coop ryddar Norge mobiliserer for å bidra til å løyse eit av verdas største miljøproblem, plastforsøpling i naturen.