Må møte i retten

Ein mann frå Nyss sitt dekningsområde er tiltalt for mellom anna å ikkje stoppe for politiet og for å køyre i ruspåverka tilstand.

I retten: I oktober må ein mann frå Nyss sitt dekningsområde møte i retten for brot på vegtrafikklova.   Foto: Terje Pedersen / NTB

Nyhende

Ifølgje tiltalen skal vedkommande fredag 26. mars køyrd ein personbil og unnlét å straks stoppe for politiet til trass for det vart gitt teikn om å stanse. Det står vidare at han på same tidspunkt heller ikkje var tilstrekkeleg omsynsfull, aktsam og varsam i det han køyrde motorvogn i svært høg hastigheit gjennom ulike bustadfelt, samt køyrde ut i ei elv slik at bilen sokk. Det blir opplyst at det oppstod skadar på bilen.