Barneskuleutbrotet

To nye smitta

Sykkylven kommune fekk i går melding om at ytterlegare to personar er smitta i utbrotet ved Vik og Sørstranda barneskule. Desse testa positivt på hurtigtest, og ein ventar på endeleg PCR-svar.

Nye tilfelle: To personar har test positivt på hurtigtest.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

– Etter dialog med FHI sitt smitteteam om vidare handtering, har ein bestemt at Vik barneskule og Sørstranda barneskule held fram med gult nivå. Det er diverre naudsynt med ytterlegare heimetesting, og elevane vil få delt ut hurtigtestar måndag. Nærare informasjon kjem frå skulen, melder Sykkylven kommune.

Kommunen oppmodar alle, også dei som er vaksinerte, om å teste seg ved nyoppståtte luftvegsymptom, samt å halde seg heime til ein har god allmenntilstand og berre restsymptom.