Okseangrepet i Velledalen:

- Etterforskinga er no avslutta

Det er ein knapp månad sidan ulukka på Fet i Velledalen, no bekrefter politiet at etterforskinga er avslutta.

Tony Gjerde, leiar for polititenester i Sykkylven og Stranda  Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Nyhende

Fredag ettermiddag er det bekrefta at politiet har avslutta etterforskinga på okseangrepet der Odd Kåre Fet (78) og sonen Ole André Ramstad Fet (52) mista livet.

– Etterforskinga har avdekka at begge dei avdøde er påført svært omfattande skader som følgje av samanstøyt med oksene, fortel leiar for polititenester i Sykkylven og Stranda, Tony Gjerde.

Politiet konstaterer vidare at det ikkje er oppdaga noko nytt i saka, og at konkrete detaljar er vanskelege å fastslå.

– Det er forflyttinga av oksene på beite som har ført til ulukka, seier Gjerde.