Stor spenning rundt valet

Det er knytt stor spenning til stortingsvalet på måndag. I Norstat si siste fylkesmåling i regi av NRK, er Frp sin andrekandidat, Frank Sve frå Stranda inne på Stortinget, medan Høgre ser ut til å miste to mandat. Også Sp kan få inn to mandat.

Stortingsval: Det går mot eit spennande stortingsval komande måndag.  Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Nyhende

På Norstat si partimåling for Møre og Romsdal som vart gjennomført i perioden 2. til 5. september har Frp auka oppslutnaden frå august med 2,2 prosent til 19,1 prosent, og partiet er dermed det største i fylket. Listetopp Sylvi Listhaug og andrekandidat Frank Sve ser ut til å ha trygge plassar. Arbeidarpartiet får 18,7 prosent på denne målinga, som betyr at dei nyvalde representantane Per Vidar Kjølmoen frå Åndalsnes og Åse Kristin Ask Bakke frå Ålesund, som er landets yngste varaordførar gjennom tidene, er inne på Stortinget. Det svingar for Senterpartiet som går tilbake heile 6,3 prosent frå august og får notert ein oppslutnad på 17,8 prosent. Sp sin listetopp Jenny Klinge får selskap av andrekandidat Geir Inge Lien frå Vestnes med knappast margin. Det står om 200 stemmer frå å måtte gi frå seg andremandatet til SV sin listetopp Birgit Oline Kjerstad, Ålesund. SV fekk 8,2 prosent på fylkesmålinga.