Inkluderer fleirkulturelle

Vann Mangfaldsprisen for Møre og Romsdal

Ekornes AS og Martin Walderhaug EFTF AS vann den regionale Mangfaldsprisen for Møre og Romsdal. Juryen rosar vinnarane for det bevisste arbeidet sitt med å utnytte potensialet i mangfald, til gode både for verksemda og tilsette med fleirkulturell bakgrunn.  

Arbeids- og inkluderingsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) (nummer tre frå høgre) var imponert over det han fekk høyre då han vitja Ekornes for eit par veker sidan. Frå venstre: Dagleg leiar Ola Arne Ramstad, Elin Marie Nordstrand, Torill Velle (H), Helge Orten (H), Rozan Arrat, Saada Ahmad Alshahad, Torbjørn Røe Isaksen (H), Kadima Jack Kasongo og konsernsjef Roger Lunde.  Foto: Even Ørjasæter/Arkiv

Nyhende

Mangfaldsprisen blir delt ut til verksemder som har utmerka seg ved bruk av innvandrarar sin kompetanse. Martin Walderhaug EFTF AS vart vinnar i kategorien for små verksemder, medan Ekornes AS vart vinnaren i kategorien store og mellomstore verksemder.