MOT-programmet MOTiverar

Arbeid mot mobbing, og for inkludering og tryggleik i samfunnet, har hatt effekt på ungdomshjartet i skulen.

MOT coachar: Frå venstre på bildet: Per Magne Drotninghaug, Ina Forbord, Irene Løland, Sondre Kaland, Monica Orre og Magnar Kvalvåg. 

Nyhende

Ifølgje MOT organisasjonen sjølv, starta det heile med at skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss ønskte å førebygge sosiale samfunnsproblem, og styrke inkluderande og trygge samfunn. For å oppnå dette ville dei fokusere på ungdomen, både for å hjelpe og støtte dei, men også motivere.