Over kaffikoppen:

– Endeleg er det fårikålsesong!

Må sjå fjorden: Heidi Lise Furset likar seg godt opp på Langlo og med den fine utsikta si.  Foto: randi ansok

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Heidi Lise Furset
  • Alder: 59
  • Yrke: Sjukepleiar ved hab/rehab
  • Bustad: Stranda

Den blide og blonde strandatausa Heidi Lise Furset er født i Ålesund men er oppvaksen på Stranda. I ungdommen var Heidi ein dyktig handballkeeper som redda Stranda frå tap fleire gonger. Når ho ikkje var på handballtrening eller på kamp, så var ho ofte på Per`s klubb. Etter grunnskulen gjekk Heidi tre år på Stranda vidaregåande skule før ho tok eit år på Vestborg og deretter tok ho helse- og sosialfag i Sykkylven. Seinare tok Heidi utdanning som legesekretær ved Borgund vidaregåande skule.