Stort potensiale på Strandafjellet

Klare til dugnad

Hytteeigar tek initiativ til eit nytt heilårleg aktivitetsområde for barn og unge i Hefsdalen.

Klar for dugnad: Ekteparet Stine Flo og Tore Paulsen vil ha fleire familieaktivitetar i Hefsdalen.  Foto: Privat

Nyhende

Ekteparet Tore Paulsen og Stine Flo har hytte på Strandafjellet, noko dei er vel nøgde med, men dei saknar eit tilrettelagt aktivitetsområde for både barn og unge vaksne. Eit område der hyttefolket, og gjerne lokalbefolkninga også, kan møtast utanom skisesongen.