Framstegspartiet er størst i Møre og Romsdal, og Frank Sve er inne på Mørebenken

– Ein draum som har gått i oppfylling

Med flest stemmer er Framstegspartiet størst i Møre og Romsdal, og har to mandat inne på tinget.

På tinget: Etter at Framstegspartiet blei vinnar av valet i Møre og Romsdal, er Frank Sve inne på Mørebenken.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Med over 91 prosent av stemmene talt opp, er det Framstegspartiet som er den store vinnaren i Møre og Romsdal, med 22,5 prosent av stemmene. Dette gjer at dei er sikra to mandat på Stortinget, og at Frank Sve følgjer partileiar Sylvi Listhaug med direkte plass på Mørebenken. I talen sin på Frp si valvake i Oslo retta Listhaug ein stor takk til innbyggjarane i Møre og Romsdal. Det gjer også Frank Sve.