Rema vil etablere seg i Aure sentrum:

– Fråtatt retten til å bygge på eiga tomt

I samband med at saka om Rema, som vil etablere seg ved sjøfronten, skal opp i Sykkylven formannskap 20. september, har eigedomsselskapet REMA Etablering Nordre Vestland AS ved REN Sykkylven AS kome med ei pressemelding der dei utdjupar nærare kva som har skjedd etter tomta vart kjøpt i 2014.

Fakta: Magne Jan Vik (t.v.) saman med Ove Godø i REN Sykkylven AS ønskjer å få fram fakta om utbygginga av Rema 1000-butikken på kaiområdet.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– Det er viktig at fakta kjem på bordet. Vi kjøpte tomta i 2014 med nok areal og korrekt regulering som via områdeplanen i 2016 vart redusert med om lag det halve arealet, samtidig som vi ikkje lenger hadde retten til å fylle ut i sjøen. Dette betyr at vi vart fråteken retten til å bygge på eiga tomt. 17 av dagens kommunestyrerepresentantar i Sykkylven kommunestyre, sat i kommunestyret i 2016. Er det dette som vert kalla skaparglede?, spør Magne Jan Vik, som er dagleg leiar i REMA Etablering Vestland AS. Og han legg til spørsmålet om dette er med på å skape føreseieleg utvikling for næringslivet.