Siste valinnspurt

Dei fleste vallokala i Stranda og Sykkylven stenger klokka fire, seks eller åtte. Rekordmange har førehandsrøysta, og det går på alle måtar mot eit spanande valoppgjer seint i kveld. Følg med på nyss.no og bli fortløpande oppdatert.

Valdag: Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp) oppmodar alle om å røyste. Her saman med valfunksjonær Cato Andersen.   Foto: Randi Ansok

Nyhende

Førehandsrøystinga som vart avslutta fredag, viser at 2.441 av dei røysteføre i Sykkylven har førehandsrøysta, noko som utgjer 44,5 prosent av dei røysteføre. I Stranda kommune er det 1.185 som har førehandsrøysta, som er 38,49 prosent av dei røysteføre. På landsplan har rekordmange 1,6 millionar førehandsrøysta.