Parkeringshall i Geiranger skal opp i formannskapet

Støtte på 1,2 millionar kroner

Stranda kommune har fått svar på ein søknad frå fylkeskommunen om at det blir løyvd ei støtte på inntil 1,2 millionar kroner til forprosjekt som gjeld parkeringshall i Geiranger. Dette krev eigeninnsats frå kommunen. Saka skal opp i formannskapet.

Trangt om plassen: Geiranger manglar parkeringsplassar i høgsesongen.   Foto: Randi Ansok

Nyhende

Styringsgruppa for prosjektet Omstilling av Geirangerfjorden verdsarvområde med omland har behandla ein søknad frå Stranda kommune om støtte til forprosjektet, parkeringshall i Geiranger. I vedtaket står det at Møre og Romsdal fylkeskommune løyver eit tilskot på inntil 1,2 millionar kroner frå Økonomiplanen. Tildelinga er gitt på vilkår av at Stranda kommune som tiltakshavar hentar inn erfaringstal frå tilsvarande prosjekt for å få eit anslag på totale kostnadsrammer, og legg vekt på å kartlegge energibehovet for bygging og drift av eit slikt parkeringsanlegg. Dette for så tidleg som mogleg å avklare omfanget av prosjektet, og om det let seg gjennomføre.