Her er den nye Mørebenken

Desse politikarane skal representere Møre og Romsdal på Stortinget dei fire neste åra.

Mørebenken: Frå venstre: Frank Sve (Frp), Per Vidar Kjølmoen (Ap), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Jenny Klinge (Sp), Geir Inge Lien (Sp), Helge Orten (H), Birgit Oline Kjerstad (SV). Ikkje til stades: Sylvi Listhaug (Frp)  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Det har lenge vore sikkert at det kom til å bli utskiftingar av Mørebenken, politikarane som representerer Møre og Romsdal, på Stortinget. Fleire av dei som er inne på den førre Mørebenken har gitt seg i politikken, mellom anna Fredric Bjørdal og Else May Norderhus frå Ap og Marianne Synnes frå Høgre.