Cruiseskip tilbake i Geiranger

For første gang sidan pandemien starta er det igjen cruiseskip på Geirangerfjorden.

Cruise: «Mein Schiff 1» er det første cruiseskipet som besøker Geiranger sidan pandemien kom.  Foto: Skjermdump webkamera Geiranger

Nyhende

Sidan koronapandemien kom til landet i 2020 har det vore lite cruiseskip å spore i norske fjordar. Turistbygda Geiranger, som elles er fylt opp av cruiseskip på sommarstid, har no gått nesten to sesongar utan besøk. No kan ein derimot sjå eit cruiseskip på fjorden igjen.