Fleire sjukmelde på Stranda - færre i Sykkylven

Det legemelde sjukefråveret i Møre og Romsdal gjekk opp sju prosent i andre kvartal i år, samanlikna med same periode i fjor. I Sykkylven har talet gått ned og på Stranda har det gått opp.

Fråver: Sjukefråveret har gått opp i fylket.  Foto: Colorbox

Nyhende

Stranda hadde i andre kvartal i år eit sjukefråvær på 6,1 prosent, noko som vil seie ein auke på 23 prosent frå same periode i fjor. I 2017 var talet nede i 4,3, i 2018 var det 4,6 og i 2019 4,7. I Sykkylven er var sjukefråveret i andre kvartal i år på 5,6 prosent, medan det på same tid i fjor var på 6,2 prosent, som vil seie ein nedgang på 10 prosent.