Grøn turisme i Geiranger

Førre veke var om lag 50 personar samla for å sjå studentane frå NTNU legge fram resultata sine i prosjektet «Grøn kai».

Prosjekt Grøn kai: Frå venstre Torus Levisen Johansen, Babi Khoja, Åsun Fausa Ramnefjell, Helene Ella Drevik Ekrem, Simon Sakseid, Roberts Petersons og Zuzana Korankova.  Foto: Sunniva Ullavik Erstad / NTNU

Nyhende

Innan 2026 skal verdsarvområdet i Geirangerfjorden vere utsleppsfritt. Det vart vedtatt på Stortinget i 2017, og for Stranda kommune er dette ei svært krevjande utfordring. Mykje må på plass før det er mogleg å gjennomføre, og mange spørsmål er framleis utan svar. Ni studentar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Ålesund har brukt sommaren sin på å prøve å finne gode løysningar, og fredag presenterte dei resultata sine for eit entusiastisk publikum på Framtidslaben.