Sentrumsskulen skal opp i formannskapet

Vil auke kostnadsramma

Kommunedirektøren i Sykkylven vil auke kostnadsramma for den planlagte sentrumsskulen og inngå avtale med entreprenør.

Skisse: Planlegginga av sentrumsskulen i Sykkylven held fram.  Foto: Streken Arkitekter

Nyhende

Måndag skal formannskapet i Sykkylven handsame sak om godkjenning av anbod for ny sentrumsskule og oppstart av prosjektet. Skulen som vil bli ei samanslåing av dei tre skulane i Sykkylven sentrum, Ullavik, Aure og Vik barneskular vil vere dimensjonert for 500 elevar.