Strandafjellet

Skøytebane og ballbinge i eitt

Nye aktivitetar er på gang på Strandafjellet, og det siste er ei skøytebane som kan nyttast som ballbinge om sommaren.

Ny aktivitet på gang: På Strandafjellet kjem det både isbane og ballbinge.  Foto: Strandafjellet

Nyhende

Ikkje berre får Strandafjellet ei ny storstove, men no bygg dei også skøytebane. På eit område mellom Servicebygget og gondolheisa vert det i desse dagar lagt til rette for ei bane. Denne skal nyttast som isbane om vinteren og ballbinge om sommaren. Dermed får både hyttefolket og fastbuande ein ny heilårsaktivitet på Strandafjellet.