Ny handsaming av Rema-tomta

Sykkylven formannskap skal komande måndag nok ein gong handsame saka om bruk av sjøfronten på Aure der REN Sykkylven AS vil etablere ein Rema 1000-butikk ved Kaitrappa.

Skisse: Her ser vi REN Sykkylven AS sine planar om etablering av Rema 1000-butikk i Aure sentrum.   Foto: Illustrasjon

Nyhende

Sist saka var oppe i Sykkylven formannskap var 7. juni i år. Den vart då ikkje realitetsbehandla, men utsett til etter ferien etter forslag frå ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) som meinte at saka burde få ei meit grundig behandling, mellom anna i nærings- og utviklingsutvalet (NU).