Advokatfirma meiner reguleringsplanen for Sykkylven sentrum er ugyldig

Trugar med klage til Statsforvaltaren, erstatningskrav og varsling til Konkurransetilsynet om Sykkylven kommune ikkje godtek makeskifteavtalen med REN Sykkylven AS.
Nyhende

I eit brev sendt til ordførar Odd Jostein Drotninghaug, kommuneadvokat Reidar Andresen, formannskapet i Sykkylven og Nyss kjem det fram at advokatfirmaet Bahr, ved advokat Anne Sofie Bjørkholt, meiner at reguleringsplanen for Sykkylven sentrum frå 2016 er ugyldig, og har gjort det umogleg for Rema 1000 å etablere ein butikk på tomta dei eig, like ved Kaitrappa. Dei har blitt hyra inn av REN Sykkylven AS, som er eigar av tomta.