Meiner Tryggestad kan vere ein aktuell ministerkandidat

Romsdals Budstikke meiner Stranda-ordføraren er ein av personane Jonas Gahr Støre bør ringe når han skal legge regjeringskabalen.

Mogleg minister? Romsdals Budstikke meiner Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad kan vere ein god kandidat som landbruksminister i regjeringa til Jonas Gahr Støre.  Foto: Solveig Årdal

Nyhende

I motsetnad til førre stortingsval då Møre og Romsdal fekk inn heile fire statsrådar frå Framstegspartiet, ser det ikkje ut til at fylket vårt vil få like mange statsrådar i den nye regjeringa til Jonas Gahr Støre (Ap). Fleire av dei nyinnvalde politikarane på Mørebenken er debutantar på Stortinget, og dei mest soleklare kandidatane til ministerpostane kjem frå andre kantar av landet.