Flytting av oppdrettsanlegg vil ikkje endre smittetrykket

Skandinavisk naturovervåking har gjort ei utgreiing om konsekvensar for villaks og sjøaure ved flytting av lokasjonen til det planlagde oppdrettsanlegget på Bugane i Sykkylven.

Plassering: Den raude sirkelen viser kvar det nye oppdrettsanlegget ved Bugane i Sykkylven blir liggande.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

I februar i år blei det klart at kommunestyret i Sykkylven går inn for at Hofseth Aqua AS skal kunne opprette eit akvakulturanlegg på Bugane, som ligg like aust for Ramstadvika. Opphavleg skulle dette anlegget ligge rundt 2 kilometer aust for Ramstadelva, ei laks- og sjøaureførande elv som har utløp til Storfjorden i Ramstadvika, men etter ei seinare teknisk vurdering blei tilrådinga at anlegget skal plasserast 500 meter lenger vest og då nærare elva.