Kompetanseavvik i helsesektoren:

– Dette krev handling med det same

Nyleg utført kartlegging viser store avvik i fagkompetanse i helsetenesta både i Sykkylven og Stranda.

Bekymra: Fylkesleiar Trine Bruseth Sevaldsen er redd avvika i helsetenesta i Sykkylven og Stranda skal vere skadeleg for pasientar og tilsette.   Foto: Privat

Nyhende

Norsk Sykepleierforbund (NSF) i Møre og Romsdal har i år utført ei kartlegging av bemanning i helsesektoren for å skape eit bilete av kva kompetanse som er til stades på vakt ved dei ulike tenestestadane.

Avvik

Det viser seg at det er avvik i begge kommunane, der Stranda har det største avviket. Dette melder fylkesleiar for NSF Trine Bruseth Sevaldsen til Nyss denne veka. Kartlegginga har synleggjort følgjande:

  • Stranda: Avvik på 21,8 prosent av sjukepleiarvakter og 11,1 prosent av helsefagarbeidarar. Desse blir erstatta av 117,4 prosent assistentar og ufaglærte.
  • Sykkylven: Avvik på 18,5 prosent av sjukepleiarvakter og 8,8 prosent av helsefagarbeidarar. Desse blir erstatta av 19,3 prosent assistentar og ufaglærte.

– Resultata viser at begge kommunane har ein utstrekt bruk av ufaglærte og assistentar som erstattar vaktene som sjukepleiarar og helsefagarbeidarar eigentleg skal ha. Dette bekymrar meg då det påverkar kvaliteten på tenestene, og det blir stort press på dei faglærte som er att på jobb. Dette er også ein direkte trussel mot pasienttryggleiken, seier fylkesleiaren.

Økonomisk utfordring

Fylkesleiaren oppmodar kommunane og den politiske leiinga om å ta over seg denne utfordringa når dei skal starte opp budsjettprosessen for det komande året.

– Det er snakk om prioriteringar. Det er politikarane som har ansvaret for at innbyggjarane får kvalitative gode tenester, ei sikra pasienttryggleik og sørger for at arbeidskvardagen til dei faglærte er helsefremmande, slik intensjonen er i arbeidsmiljølova. På denne måten kan også kommunane vere med på å sikre at sjukepleiarane blir verande i bygda. Belastninga må ned, og lønna må opp. Slik blir dei ein attraktiv arbeidsgjevar og arbeidsplass. Det er på tide at politikarane vaknar, dette krev handling med det same, avsluttar Bruseth Sevaldsen engasjert.

Mangel: Ordførar i Sykkylven Odd Jostein Drotninghaug ønskjer fleire studieplassar for sjukepleiarar.  Foto: Monica Aure Fallingen / Arkiv

Manglande arbeidskraft

Ordførar i Sykkylven kommune, Odd Jostein Drotninghaug, fortel til Nyss at det er manglande arbeidskraft som er utfordringa.

– Innanfor helsesektoren er det mangel, og dette påverkar oss og det er vi klar over. Vi har vore veldig tydelege tidlegare om at vi ønskjer fleire studieplassar for sjukepleiarar, slik at det blir utdanna fleire faglærte enn no. Dette går utover fleire kommunar enn Sykkylven og Stranda, fortel han.

Målretta Stranda ordførar Jan Ove Tryggestad seier det er ei sak dei tek på største alvor.  Foto: Randi Ansok

På andre sida av fjellet fortel Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad at dette er ei sak dei tek på største alvor.

– Det er ein krevjande situasjon som inkluderer både sjukefråvær og mangel på faglært personell. Det handlar ikkje berre om pengar, men at det blir utdanna for få sjukepleiarar og at mange av dei vel å gå over i andre yrke. Skal vi skape varige arbeidsplassar for at dei skal bli att over lenger tid så er det ikkje berre lønn det handlar om. Vi arbeidar målretta og det er ei sak vi skal halde varm i budsjettdebatten. Det er eit problem for nesten alle kommunar, men det betyr ikkje at vi ikkje jobbar med saka, avsluttar Tryggestad.