Action på Myklebust

Paintball, ein ekstremsport som passar for alle

Stranda Paintballklubb er ein klubb for dei som likar litt spenning i kvardagen.

Styreleiar Erik Løfald  Foto: Randi Ansok

Nyhende

I skogen like ved Myklebust i Strandadalen er det action denne søndagen Nyss kjem på besøk. Ungdom og vaksne har samla seg og er i gang med å ta på seg utstyr og fylle opp «pistolane» sine, eller markørane om er det rette namnet på desse. Snart skal dei delast opp i lag og springe rundt i skogen og skyte målingsballar på kvarandre.