Arbeidet er i gang med å forsterke Flåbrua:

– Det er ein spesiell jobb

Fylkeskommunen inviterer til synfaring av Flåbrua, som er ei 140 år gamal steinkvelvingsbru i Geiranger som no blir forsterka.

Blir forsterka: Arbeidet er i gang med å forsterke den 140 år Flåbrua i Geiranger.  Foto: Privat

Nyhende

Flåbrua er den første av fire bruer frå 1880-talet i Geiranger som blir forsterka. Erfaringane frå Flåbrua blir lagt til grunn når kontrakten for forsterkinga av Holebrua, Kopebrua og Gjerdebrua blir lyst ut neste år.