Utgravinga på Auremarka:

– Kan ha vore ein mektig bonde her

Det er om lag ei veke att til arkeologane er ferdige med utgravinga der det skal bli busslomme på Auremarka. Funna så langt tyder på ein samanheng med det 60 meter lange langhuset i same området.

Arkeologane: Sigrid Hervig og Søren Diinhoff har undersøkt området eit par veker og har avdekt fleire interessante funn.  Foto: Amanda Røed Stave

Nyhende

Plogspor, stolpar, kokegroper og eit mogleg grophus er det spor av på staden som skal bli busslomme. Fleire av dei nye funna kan gje meir historie til langhuset som tidlegare har vore avdekka.