Fylkeskommunen foreslår å kutte i avgangane på sambanda Stranda-Liabygda og Eidsdal-Linge:

– Sjeldan eg har fyrt meg opp så mykje!

Frank Sve (Frp) reagerer svært sterkt på forslaget frå administrasjonen i fylkeskommunen om å kutte i ferjeavgangane.

Provosert: Frank Sve reagerer kraftig på forslaget frå fylkeskommunen om å kutte i avgangane på ferjesambanda Stranda-Liabygda og Eidsdal-Linge.  Foto: Stine Bjørdal /Arkiv

Nyhende

– Dei prøver seg på dette kvart år, og kvar gang har vi stemt dei ned, men dette er det mest greinalause eg nokon gong har sett, seier Frank Sve (Frp) til Nyss.