Sykkylven Naturmuseum

Fekk midlar til aktivitet for barna

I haustferien får born høve til å ta turen innom Sykkylven Naturmuseum og bygge ekornmatar, marihønehus og fuglekasse. Midlar til aktiviteten fekk museet med Sykkylven Energi.

Gav midlar til aktivitet: Tone Gjærde ved Sykkylven Energi saman med Magnhild Vatne ved Sykkylven naturmuseum.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Om ein vil hjelpe fuglar, insekt og dyr gjennom vinteren, kan det vere lurt å ta turen innom Sykkylven Naturmuseum onsdag 13. oktober. Arrangørane håper at mange barn som har haustferie kjem på besøk, gjerne saman med foreldre eller besteforeldre som også har fri.