Fordeler kompetansemidlar til helsestudentar

Sykkylven kommune har kompetansemidlar til fordeling som stipend for skuleåret 2021/2022.

Kompetansemidlar: Sykkylven kommune har kompetansemidlar som skal fordelast til helsestudentar.  Foto: Eirill Wiik / NTB

Nyhende

Sykkylven kommune søkjer årleg Fylkeskommunen om kompetansemidlar som ein vidare tildeler som stipend til bachelor studentar innan helse og sosialfag heimehøyrande i kommunen. No er det klart for ny tildeling.