Plass til fleire

Vi ønskjer fleire barn velkommen til barnekor i Sykkylven og Ikornnes kyrkjer.

Jippikoret: Den nye dirigentduoen, Eva marie Johnsen (t.v.) og Lene Overvoll.  Foto: Privat

Nyhende

Barnekoret Super i Sykkylven kyrkje, og Jippikoret i Ikornnes kyrkje, ynskjer gamle og nye songarar velkomne på kor. Barnekoret Super er for 4–7 åringar. Dei øver kvar onsdag i Sykkylven kyrkje, i kjellaren. Dirigentar er Natalia Albornoz Leknes og Anna Myklebust. Jippikoret er for 2.-7.-klassingar. Dei øver kvar torsdag i Ikornnes kyrkje, i kjellaren. Dirigentar er Lene Overvoll og Eva Marie Johnsen. Begge kora vil øve til å synge på Hausttakkefest i kyrkjene 24. oktober.