Trafikkuhell ved ferjekaia i Sykkylven

Uhell: Ingen blei skada i ulykka ved ferjekaia i Sykkylven.  Foto: Amanda Røed Stave

Nyhende

Tysdag føremiddag melder politiet i Møre og Romsdal og 110-sentralen på Twitter at det har skjedd eit trafikkuhell ved ferjekaia på Aursnes i Sykkylven. Ein lastebil skal ha køyrd inn i ein personbil. Ingen personar skal ha blitt skada i uhellet, og naudetatane skal vere på staden. Det er også manuell dirigering av trafikken på staden.