Mot kvinnelege prestar

Vikarpresten er tatt ut av teneste

NRK melder om at biskopen har tatt vikarprest Vidar Nes Mygland ut av teneste. Mygland starta nyleg i eit fire månadars vikariat, og uttalte til media at kvinner ikkje kan vere prestar og at han ikkje vil ha gudsteneste med kvinnelege kollegaer.

Tatt ut: Vidar Nes Mygland (32) frå Haugesund.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Den siste tida har det vore ein heftig debatt om kvinnelege prestar, etter at vikarprest Vidar Nes Mygland uttalte at han er imot kvinnelege prestar. Ein stor del av jobben hans er å vere prest rundt i prostiet ved behov, det vil seie i Giske, Sula, Ålesund, Fjord, Stranda og Sykkylven. No har biskopen i Møre bestemt at han skal takast ut av teneste inntil vidare, melder NRK.