Flyttar produksjonen av populære stolar til Norge:

– Det blir «insourcing» i staden for «outsourcing»

Møbelprodusenten Brunstad i Sykkylven vil no samle all stolproduksjonen heime i Norge.

John Terje Drege, Atle Ødegård, Ronny Bjøringsøy, Brunstad  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Eigentleg var dette noko vi hadde tenkt å gjere for lenge sidan, men pandemien sette ein stoppar for det. Men no etter haustferien vil all stolproduksjonen skje her i Sykkylven, seier administrerande direktør Ronny Bjøringsøy hos Brunstad til Nyss.