Oppdatering på felte hjortar så langt i jakta

Tala på falne hjort i Sykkylven har auka sidan førre veke med 32 hjortar.

Hjortejakt: Oppdateringa frå jakta viser at Sykkylven har dekt 37 prosent av den tildelte kvota på 538 hjort.  Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag melde Karl Johan Stadsnes frå Miljø og Landbruk om nye tal frå jakta. Førre veke blei det meldt om 165 falne hjortar i Sykkylven, noko som utgjorde 31 prosent av den tildelte kvota. Tala har per 5. oktober auka til 197 hjortar, og 37 prosent av kvota på 538 hjortar. Jakttida for hjort er ikkje over før 23. desember.