Har blitt nestleiar i prøvenemda:

– Eg likar å ta del i utviklinga

Frisør Camilla Beatrice Aambakk Engeset har blitt nestleiar i prøvenemnda i Møre og Romsdal.

Vald til nestleiar: Camilla Beatrice Aambakk Engeset  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Camilla Beatrice Aambakk Engeset (29) ved Pitings frisør på Stranda har vore med i prøvenemnda sidan 2016, man har nyleg blitt utnemnd til nestleiar i Møre og Romsdal. Prøvenemnda er eit offentleg oppnemnt organ som utarbeider opplegg fagprøver og sveineprøver, og vurderar dei. Nemndene vert oppnemnt av avdelinga for fagopplæring i dei ulike fylka etter innspel frå arbeidslivet, arbeidsgivarane og arbeidstakarane.