Hundeidvik blandakor 150 år:

Baud på flott konsertoppleving

Det var fullsett Sykkylven kulturhus då Hundeidvik blandakor inviterte til 150-års jubileumskonsert laurdag kveld.

Flott song: Jon Reidar Kurseth.  Foto: Eldar Høidal

Nyhende

Hundeidvik blandakor er eit allsidig kor som speler på eit breitt register. Laurdag kveld var det countrymusikken dei gav seg i kast med. Neppe tilfeldig, for mange av korsongarane er røynde countryartistar og koret har vore borte i sjangeren tidlegare. Denne kvelden tok dei det til nye høgder.