Fleire reaksjonar i trafikkontroll

Onsdag gjennomførte Statens vegvesen trafikkontroll i Velledalen.

Velledalen: Statens vegvesen hadde trafikkontroll.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

21 tunge og to lette køyretøy vart kontrollerte i ein kontroll i Velledalen onsdag. Det vart gitt bruksforbod på fleire køyretøy grunna mangelfull lastesikring. Bruksforbod vart også gitt til traktorhengar grunna manglande bremselys. I tillegg vart det utskrive fleire kontrollsetlar med manglar som må utbetrast, som rattkule, skade på dekk og feil med lysutrusting. Tal på kjøreforbud/avskiltingar: 3. tal på andre gebyr: 1, tal på køyretøy med skriftlege manglar: 7. Statens vegvesen trafikkontroll melder likevel at dei fleste av køyretøya som vart kontrollerte hadde alt i orden.