Konsolidert museumsfellesskap:

Lokalmusea på Sunnmøre går saman

Aalesunds Museum, Godøy Kystmuseum, Herøy Kystmuseum, Volda sogelag sine museumssamlingar og museumsgarden Ytste Skotet går inn i eit konsolidert museumsfellesskap.

Går saman: Ytste Skotet blir med i samarbeidet.  Foto: Arkiv

Nyhende

Interimsstyret for samling av lokalmusea på Sunnmøre er i gang med å utarbeide rammer og regelverk for ei felles museumsoverbygning for drift, økonomi og personalforvaltning. Aalesunds Museum, Godøy Kystmuseum, Herøy Kystmuseum, Volda sogelag sine museumssamlingar og museumsgarden Ytste Skotet går no inn i eit konsolidert museumsfellesskap som skal driftast etter ein desentralisert modell.