Kommunen vil dekke bruk av mobiltelefon

Under kommunestyremøtet førre veke vedtok Sykkylven kommune eit nytt reglement for bruk av mobiltelefonar.

Nedstemt: Hans Petter Brunstad Sørensen (Ap) (t.v.) ville ha innkjøp av kommunale mobilar i eit eige budsjett, men blei nedstemt. Her saman med Odd Arne Eidem og Odd Arne Krüger frå KrF.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Fram til no har tilsette i Sykkylven kommune måtta brukt eigne, private mobiltelefonar i arbeidet sitt. Under kommunestyremøtet måndag 27. september vedtok Sykkylven kommune at dei vil gjere noko med dette gjennom det nye reglementet for mobiltelefonar.