Bil gjekk rundt

Ulukke: Ein bil gjekk rundt i Dalevegen.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Ein bil har køyrd av vegen og gått rundt i Dalevegen i Sykkylven, melder politiet. Det var to personar i bilen, og dei vert køyrd til Ålesund sjukehus for undersøking. Det er ikkje mistanke om promille.